Det Norske Teatret

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editora: Podcast
  • Duração: 41:48:05
  • Mais informações

Informações:

Sinopse

Her får du reportasjar frå kulissane, den faste fredagssamtalen med regissørar og skodespelarar og introduksjon til aktuelle framsyningar.Podcastane skal gi deg eit innblikk i prosessane som leiar opp mot ei ferdig teaterframsyning, ein betre kjennskap til alle dei kreative sjelene på huset og skape eit bakteppe til framsyninga du skal sjå.

Episódios

  • Om Olav Duun – og kvifor han framleis er relevant

    06/02/2026 Duração: 12min

    Kven var Olav Duun – og kvifor er han framleis ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur? I denne episoden av Bakteppet ser vi nærare på livet og forfattarskapen til Olav Duun, ei av dei store stemmene i nynorsk litteratur. Vi utforskar korleis oppveksten på Jøa i Namdalen forma språket, menneskesynet og forteljingane hans, og kvifor romanar som Medmenneske framleis treffer lesarar og publikum i dag. Gjennom refleksjonar frå fagmiljø ser vi på Duun som språkfornyar, som etikar og som skildrar av menneske i konflikt med seg sjølve og fellesskapet rundt seg. Episoden set òg Duun inn i ein større historisk og litterær samanheng – og spør kvifor han framleis blir lesen, spela og diskutert. Episoden er produsert av Siri Løkholm Ramberg, Inger Johanne Sæterbakk og Ole Herman Andersen for Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (1:2)

    09/01/2026 Duração: 03h20min

    Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Mange Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss!  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (2:2)

    09/01/2026 Duração: 04h18min

    Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Mange Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Bakteppet om bruk av KI i kunsten

    29/03/2025 Duração: 14min

    Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy?  Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Bakteppet om video i teateret

    10/09/2024 Duração: 13min

    Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedda Gabler? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt Om Édith Piaf og Marlene Dietrich

    26/05/2023 Duração: 10min

    Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Bakteppet om Romeo og Julie

    29/03/2023 Duração: 16min

    Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Gigangtkonkursen som endra verda • Lehman Brothers

    29/06/2021 Duração: 09min

    15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende. Dette er historia om den til då største konkursen i USA si historie. Fortalt og skrive av Einar Lie. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 10 • Elvis Presley Blues

    30/04/2021 Duração: 47min

    av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 9 • Utdrag frå 11 meter – Straffesparkets historie

    29/04/2021 Duração: 11min

    av Nils Henrik Smith, Kagge (2020). Fortalt av Kristoffer OlsenRegissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 8 • Langtransport

    28/04/2021 Duração: 16min

    av Gaute M. SortlandFortalt av Sarah Francesca BrænneRegissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 7 • Vegen til Aeshaness

    27/04/2021 Duração: 28min

    av Odd Goksøyr, frå «Aljamarkir», Det Norske Samlaget (2020).Fortalt av Unn Vibeke Hol Regissør: Siri Løkholm RambergI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 6 • Ryktet går

    26/04/2021 Duração: 22min

    av Einar Økland. Frå «Forteljingar og fablar frå andre tider», Det Norske Samlaget (2015). Fortalt av Hilde Olausson Regissør: Anders HasmoI Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 5 • Heim

    23/04/2021 Duração: 18min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Marit Kaldhol. Frå «enno var dei kroppar», Det Norske Samlaget (2021).Fortalt av Andreas Koschinski Kvisgaard Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 4 • Ålen i glaset

    22/04/2021 Duração: 28min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Lars Petter Sveen. Frå «Ingenmannsland. Nye nynorske noveller», Det Norske Samlaget (2020).  Fortalt av Niklas Gundersen Regissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 3 • Eit besøk til Monk’s House

    21/04/2021 Duração: 18min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.av Gunnhild Øyehaug. Frå «Vonde blomar», Kolon (2020). Fortalt av Emil JohnsenRegissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 2 • Far og eg

    20/04/2021 Duração: 12min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Novelle av Pär Lagerkvist, originaltittel Far och jag frå «Onde sagor» (1924). Framført etter avtale med © Pär Lagerkvist Estate. Omsett frå svensk av Inger Johanne Sæterbakk (2021)Fortalt av Amund Sigurdssønn KarlsenRegissør: Anders Hasmo Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Dekameronen del 1 • Dei siste beatpoetane i Midt-Hordaland

    19/04/2021 Duração: 27min

    I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.Av Ragnar Hovland. Frå «Vegen smal og porte trong», Det Norske Samlaget (1981)Fortalt av Karl-Vidar Lende Regissør: Siri Løkholm Ramberg Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Tre kvinner - ei påskeforteljing

    27/03/2021 Duração: 23min

    Her får du høyre tre korte radiomonologar om kvinner i Jesu nærleik. Det er Salome som er mor til disiplane Jakob og Johannes. Det er Maria, Jesu mor, og det er Maria Magdalena.Dette er ei forteljing om påskebodskapen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Eit år for historiebøkene

    25/03/2021 Duração: 29min

    Lytt til ein samtale mellom Alfred Fidjestøl og teatersjef Erik Ulfsby om året 2020. Dette er ein podkast som tilhøyrer årsmeldinga 2020. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

página 1 de 4