Det Norske Teatret

  • Autor: Vários
  • Narrador: Vários
  • Editora: Podcast
  • Duração: 41:48:05
  • Mais informações

Informações:

Sinopse

Her får du reportasjar frå kulissane, den faste fredagssamtalen med regissørar og skodespelarar og introduksjon til aktuelle framsyningar.Podcastane skal gi deg eit innblikk i prosessane som leiar opp mot ei ferdig teaterframsyning, ein betre kjennskap til alle dei kreative sjelene på huset og skape eit bakteppe til framsyninga du skal sjå.

Episódios

  • Vi lanserer hausten 2017 i Institusjonen!

    03/05/2017 Duração: 54min

    Teatersjef Erik Ulfsby gir deg haustens framsyningar - med seg har han aktuelle Frank Kjosås, Markus Bailey, Charlotte Frogner, Heidi G. Broch og Catrine Telle! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen møter Brit Bildøen og Nina Woxholtt om Sju dagar i august

    05/04/2017 Duração: 33min

    Sju dagar i august handlar om å miste sitt einaste barn 22. juli. Teaterpodden har tatt ein prat med forfattar og dramatikar Brit Bildøen og skodespelar Nina Woxholtt, som spelar hovudrolla som Sofie. Åsne Dahl Torp leiar samtalen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Overføring med Marit Råbu

    27/03/2017 Duração: 16min

    Framsyninga Overføring hentar stoff frå eit forskingsprosjekt utført av forskar og psykolog Marit Råbu. Ho har intervjua tretten pensjonerte psykoterapeutar om livet og yrkesvalet deira. I dette opptaket kan du høyre Råbu introdusere framsyninga i Bikuben. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen møter regissør Alan Lucien Øyen

    22/03/2017 Duração: 30min

    I denne podcasten får du vite kva song som beskriv Alan Lucien Øyen sin arbeidsmoral og om vegen hans frå dansen inn i teatret! Alan er for tida på teatret med framsyninga Som lauvet i Vallombrosa på scene 2. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Edda med Jon Gunnar Jørgensen

    14/03/2017 Duração: 19min

    Framsyninga Edda tek oss inn i den norrøne mytiske verda. Men korleis såg dette verdsbilde ut? Høyr Jon Gunnar Jørgensen, professor i norrøn filologi, introdusere Edda! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen snakkar om Heddadagene 2017

    02/03/2017 Duração: 20min

    Fire teatersjefer møttest på Oslo Nye for å snakke om kva Heddadagene eigentleg er. Er det ein festival? Mønstring? Kan ein sjå teater ute? Kva skjer eigentleg? Svara får du i denne podden! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen møter Edda!

    28/02/2017 Duração: 24min

    Korleis går ein fram når ein skal gjere dei norrøne gudane til homoerotiske glamrockere? Høyr sjefen for maskeavdelinga og kostymeansvarleg på Edda fortelje om korleis det er å visualisere verket til ein av verdas største regissørar! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Ti på to med Kjersti Dalseide og Pål Christian Eggen

    23/02/2017 Duração: 30min

    Vi tok med Pål Chrstian Eggen og podcaststudioet inn i garderoben til Kjersti Dalseide. Vi gav dei to krukker med spørsmål og lukka døra. Det resulterte i ein prat om det dei er stolt av livet, replikkar som har sett seg og om isbjørnar utan pels! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Inkognito med Kaja Nordengen

    06/02/2017 Duração: 24min

    Kaja Nordengen brukar karakterane og historiene i Inkogntio som underlag når ho i denne introduksjonen fortel kvifor hjernen gjer som den gjer. Kva gjer Einstein til eit geni, og kvifor tek hjernen også dårlege val? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen om Det er Ales

    25/01/2017 Duração: 36min

    Jon Fosse sitt verk, Det er Ales, er i hendene på ein italienar når den kjem på scene 3 i januar. I denne samtalen blir du betre kjend med regissøren Gianluca Lumiento og skodespelaren Maria Sand. Dei har turnert med framsyninga i Italia og er no klar for å gjere både ein norsk og ein italiensk versjon på Det Norske Teatret! Les meir om framsyninga:http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/det-er-ales/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Inkognito med Peer Perez Øian, Hilde Østby og Ylva Østby

    24/01/2017 Duração: 33min

    Regissør for framsyninga Inkognito, Peer Perez Øian, samtalar med forfattar og journalist Hilde Østby og nevropsykolog Ylva Østby, som har skrive boka Å dykke etter sjøhester - en bok om hukommelse. Dei snakkar om kollektiv hukommelse, arv og miljø og kva som kan skje med hjernen når ein er deprimert eller opplever noko traumatisk. Les meir om Inkognito:http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/inkognito/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen møter Erik Hivju og Marit Råbu om Overføring

    06/01/2017 Duração: 28min

    Kan psykologisk forskning bli godt teater? Og kva er likskapen mellom det å vere psykolog og det å vere skodespelar? Høyr skodespelar Erik Hivju og psykoterapeut Marit Råbu i fredagssamtalen!Erik Hivju er aktuell i Overføring på scene 2: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/overforing/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Innsikt til Songfuglen med Sandra Kolstad og Peer Perez Øian

    29/12/2016 Duração: 43min

    Peder Kjøs i samtale med regissør Peer Perez Øian, dramatikar Demian Vitanza og komponist Sandra Kolstad i Bikuben før Songfuglen. Les meir om framsyninga: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/songfuglen/ Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Geir Kvarme og Erik Ulfsby i julepodden!

    23/12/2016 Duração: 28min

    Skodespelar Geir Kvarme og teatersjef Erik Ulfsby om teater, litt politikk - men mest jul! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Bjørn Sundquist og Kyrre Hellum

    22/12/2016 Duração: 38min

    Kyrre Hellum fortel om sjela i teateret og kva som gjer Beckett til ei gåve for han som skodespelar, Bjørn Sundquist gir oss ein av yrkesløyndommane sine og fortel korleis overgangen frå skodespelar til regissørstolen har vore! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Krigsdebatt frå Andre Verdskrigen - Tyskarjenter og skyggebarn

    30/11/2016 Duração: 34min

    Forfattar Trude Teige, kulturhistorikar Anne Herresthal og leiar for organisasjonen SEIF Gerd Fleischer om dei som blei forelska i fienden. Opptaket er frå framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel undervegs med ulike tema kvar gong. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Frank Kjosås og Kristoffer Olsen om The Book of Mormon!

    25/11/2016 Duração: 28min

    Institusjonen med Frank Kjosås og Kristoffer Olsen om The Book of Mormon! by Det Norske Teatret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Heidi Gjermundsen Broch og Tor Ivar Hagen om laust og fast

    11/11/2016 Duração: 34min

    Heidi Gjermundsen Broch og Tor Ivar Hagen om laust og fast by Det Norske Teatret Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Are Kalvø på scenen - boklansering i Bikuben

    03/11/2016 Duração: 38min

    Ei sprelsk boklansering med songutdrag frå 1000 år og like blid, Norge-Brasil og Halve Kongeriket - som no er fint samla i boka Are Kalvø på scenen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Institusjonen med Peer Perez Øian og Ola G. Furuseth

    28/10/2016 Duração: 35min

    Åsne Dahl Torp tok ein prat med regissør Peer Perez og skodespelar Ola G. Furuseth dagen før premieren deira på Inkognito! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

página 3 de 4