Nasjonalbiblioteket

Anker på armen og hjarte på brystet

Informações:

Sinopse

Foredrag om korleis tatoveringane kom sjøvegen til Noreg.Ein svale tatovert på brystet betydde at du hadde segla 5000 nautiske mil i ope farvatn, eit anker på armen skulle beskytte mot drukningsdøden. Tusenvis av nordmenn drog til sjøs under gullalderen i norsk sjøfart, og mange kom tilbake med tatoveringar på kroppen. I dette foredraget fortel Tor Ola Svennevig om kor kunsten kjem frå, korleis han kom til Noreg og kva mytar og fordommar som er knytte til kroppskunsten som i dag er allemannspynt.Tor Ola Svennevig er tatovør og har forska på sjømannstatoveringar. Han har gitt ut bøkene Norske sjømannstatoveringer og Johan Fredrik Knudsen. Electrical Tattoo Artist, der han har teke i bruk historiske kjelder. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.